
Kompani
- Крепость
- 10%
- Горечь, IBU
- —
Описание
70-talet var ei interessant tid. Ikkje det 70-talet som gav oss slengbuksa og lange snippar. Nei, me snakkar om 1770-talet. Det var på den tida Napoleon Bonaparte lærte seg å gå.Samstundes, i dei slake liene i Sæbø-traktene, samla modige bondesoldatar seg for å danne 1. ryfylkske kompani. Dei heldt seg stort sett på denne eksersisplassen, dette kompaniet. Dei kjempa nok korkje for eller mot Napoleon nokre år seinare.Så til minne om brorskapet og alt bondevettet som fann stad akkurat her, har me laga sideren Kompani. Ein rosésider der eplesorten Aroma møter litt bringebær i miks. Smaken er tørr, men med god fruktkonsentrasjon og eit touch av restsødme.