Sølvsider

Sølvsider

Рейтинг 4.02 из 5 (814 оценок)
Стиль
Cider - Traditional / Apfelwein
Пивоварня
Страна
Norway
Крепость
8%
Горечь, IBU
—

Описание

Kloster dukkar stadig opp i historia når det handlar om drykk. Me kjenner ikkje til nokon kloster i Sæbø-traktene, men likevel har historia vår eit hint av kloster i seg. For i 1769, 160 år før metalldetektoren blei oppfunnen, gjekk fru Dahl tur rundt på Sæbø. Med sitt ørneblikk oppdaga ho ikkje mindre enn seks halsringar i sølv frå sjølve vikingtida. Sølvet, vil me tippe, vart nok røva frå eit kloster i Wales-traktene. Det var jo ganske typisk for vikingane å gjere noko slikt.Fru Dahl mottok aldri finnarlønn for sitt funn. Men for å hylle hennar bragd for ettertida, har me laga Sølvsider. Han er basert på eplesortane Aroma og Summerred, som har vakse i området der ringane vart funne.Sølvsider har ein fyldig og konsentrert smak med tørr utgang. Frisk syre og faste bobler gir ein lett kremete munnkjensle. Smaken av solmodne, gule eple sit i lenge.Passar godt til skalldyr og fisk.

Страница сорта у источника

Подробнее

Оценок
814
В каталоге с
31.05.2020
Где варят
Hjelmeland, Rogaland Norway