
Skjoldmøyslaget
- Крепость
- 8%
- Горечь, IBU
- 75
Описание
Skjoldmøyslaget er ein koparbrun malt- og bitterhumle-prega IPA for deg som treng eit avbrekk frå frukt og laktose. Maltblandinga av pale og karamellmalt er viktig for å balansera humla. Det gjer at smaken har antydning til karamell og honning, med ein lang, bitter ettersmak. Opshaug-kveiken gjev krydra og fruktige undertoner. Ølet står godt på eigne bein, men passar også bra til lam, okse, feit fisk og moden ost.